det vi treng meir av, er hjarterom og fleksibilitet.
han treng derfor ein operasjon.
Dei har inga oppfatning om kor mykje av noverande lønn dei vil trenge som pensjonist.
Han trong også eitt slag ekstra for å fullføre hol 15 og 17.
*Unwin trong ikkje å gjere ei einaste redning resten av kampen.
Rundt 30 har vore livstruande sjuke og har trunge intensivbehandling.
ho prøvde å trengje seg inn ei barrikadert dør.
Dei var svært bekymra for at nærare 20.000 menneske frå store delar av USA skulle trengje seg saman utan munnbind.
Saman med rundt 20 andre treng han seg saman om to tenestemenn.
Ifølgje saksdokument var *Biggs ein del av mobben som trengde seg inn i Kongressen.
Men det er ikkje dette biletet Sæle viser til når han til TV 2 skal forklare korleis kjendisreportasjar trengjer unna samfunnsviktig stoff i massemedia.
ein av dei forfattarane som også trengde inn i populærkulturen.
forbod mot at eit selskap nyttar sin marknadsposisjon til å trengje vekk ein konkurrent.
Dei vart skotne mot med handvåpen og bombekastarar, men klarte å trengje tilbake *talibanstyrkene.
politiet treng tid til å trengje til botnar i det som har skjedd.
sjølv om yrkeskvinnene har gjort store framsteg i arbeidet for å styrkje stillinga si, har dei framleis vanskar med å trengje ut av omsorgssektorar som sjukepleie og undervisning.
ålendingane er svært bekymra over at det svenske språket i stadig større grad trengst til side.
Kraftig regnvêr i fleire dagar førte til at vatn frå ei elv trengde inn i gruvesjaktene.
ei rasande menneskemengd herja forretningar og trengde inn på ein politistasjon.
Vatnet frå Drammenselva har trengd inn på området.
flyktningane blir trengde saman i eit område der krigshandlingane nærmar seg frå alle kantar.
Det har lenge vore nokså openbert at aktoratet brenn av lyst etter å få avklart kven som gjorde seg skuldig i drapa.
bilar brenn jo ikkje av seg sjølve.
Ein bygning brann ned til grunnen.
husdyr er døde og avlingar er brunne ned som følgje av brannen.
mange bustadhus brenn ned til grunnen.
Noko av motivasjonen denne gongen var å setje ord på kjenslene han brann inne med etter at George Harrison døydde i 2001.
Spesielt brenn han for «*mid-century *modern», ei minimalistisk designrørsle.
ein mann i 40-åra brende av fleire rifleskot frå terrassen.
ho skjønte at eitt tonn CO2 er det éin person brenner av på ei flyreise til Roma.
eit amerikansk flagg vart brent.
Kampen enda 0-0 etter at Amin Askar brende straffa.
Auschwitz er brunne inn i både kropp og sjel.
Her vart det brent av litt måling, men det tok ikkje fyr.
mykje av krutet vart brent av i brexitrunden.
Mange av offera vart skotne, medan fleire vart brende inne i husa sine.
Sissel Erlandsen teiknar og brenner inn figurar, namn og logoar på saker som skal leverast.
Dette krev at du følgjer godt med på steikjetida, for brødet brenner seg raskt.
Plakatar av presidenten blir brende, og det blir oppmoda til boikott av Frankrike.
Pierre har ein sjanse til å bli klar til tysdag, men dei andre rekk det ikkje.
Er fødselen så kommande at du kanskje ikkje rekk fram i tide?.
Vatnet rekk han opp til anklane og er brunt og guffent.
Fleire tusen menneske rakk ikkje opp til Kollen på grunn av T-banetrøbbel.
Narum har rokke over fire kritikarroste album på fem år.
Ord rekk ikkje til for å beskrive kor surrealistisk og ærefullt det kjennest å bli innboden til «Star Wars»-universet.
*KP heldt tak i lønnsforhandlingane i Molde, men møtet varer og rekk.
Og vennskapen har vart og rokke gjennom feidar og forelskingar.
Alle potensielle motstandarar har moderne stridsvogner som kan drepe soldatane våre før dei sjølv rekk fram med stormpanservognene sine.
På turen tilbake til Storhøliseter ser du utover vatn og myrar så langt auget rekk.
politiet kunne ha rokke fram tidlegare til Utøya.
Berre fire rundar vart rokke spelte før managerkarusellen sette fare denne sesongen.
Idet presidenten rekte han handa til helsing, fyrte mannen av to skot mot magen hans.
Guiden min, Mousas Basilis, held ei hand på rattet og rekkjer meg mobilen med den andre.
Bebuarar som vov teppe - som så vart tekne ut på bakrommet og rekte opp igjen.
Omtrent to tredelar rekte opp handa.
eg rosar dei som rekkjer handa i vêret.
Så lenge menneske som *Erekat rekkjer ut ei hand for å oppnå fred, er det vår plikt å forhandle.
Florin Raducioiu frå Romania rakk tunge (til motspelarane?), medan Tysklands nyutsprungne veteran, Rudi Vøller, markerte comebacket sitt på skåringslista med å rekkje peikefingeren i vêret.
Ukraina har rekt ut handa.
Handa vår er rekt ut til alle politiske parti i landet.
mange familiar slit no med å få pengane til å strekke til.
Stress, press og kjensla av ikkje å strekke til gjer at nokon blir sjuke.
NSO-leiar Andreas Trohjell meiner statsbudsjettet ikkje strekk til.
Uwe Gensheimer førte an med 11 skåringar, men det strakk ikkje til mot det sterke heimelaget.
Eg vart kanskje litt for ivrig i ønsket om å levere, og tida har ikkje strokke til.
Deretter strekkjer du litt i deigen og brettar den over seg sjølv.
Utlånet strekkjer seg ut sesongen.
Vegen strekkjer seg gjennom heile den 45 kilometer lange Gazastripa.
Stjernen strekte seg til 217 meter og noterte 210,1 poeng.
Andreassen strekte rista og bles ballen inn frå 20 meter.
Han strekte leddbandet på innsida av kneet.
På andre sida av ein bakketopp stod ein heil flokk med geiter og strekte på beina.
Dabbing er ei danserørsle der ein tek hovudet ned i armkroken, samtidig som ein strekkjer ut den andre armen.
Bush slapp militærteneste og obligatorisk krigsinnsats i Vietnam.
Justin Bieber slapp til med ei framføring av «Yummy».
Ulvestad slapp til mot Færøyane.
Dei slapp forbi tryggingsvaktene.
kvinnelaget slepp til i storstova til klubben.
moskeane må bli langt meir kritiske til kven dei slepp til som predikantar.
Datarock slepp til over heile fjøla.
tennisstjerna slapp til slutt med skrekken.
det beste er at nokre andre slepp til.
Sørloth slapp til for RB Leipzig.
Ho ber om at 44-åringen straks blir sloppen fri.
midtbanespelaren har knapt sloppe til for norske landslag.
Då slepp du å stresse deigen din med eltinga.
Dei har sloppe opp etter nedstengingsperiodar, og så har det eksplodert.
øya Lundy har sloppe opp for vatn.
norske kampfly sleppte til saman 588 bomber.
han sleppte til evigunge Fabio Quagliarella.
Augnevitne har fortalt om folk som hoppa ut av det brennande høghuset, og om mødrer som sleppte barna sine ned til folk som prøvde å ta dei imot på bakken.
van Gaal sleppte han til i februar 2016.
vi slepper dei til på nokre kontringar.
Men når pandemien endeleg slepper taket, håpar og trur eg at det skal liggje eit godt tilbod av kulturarrangement tilgjengeleg omtrent frå første dag.
Lille James Bulger vart kidnappa då mora sleppte han av syne ein augneblink .
Men mottakinga har vore god både heime og ute for dei første singlane som er sleppte.
Nobelkomiteen ber om at Suu Kyi og dei andre politikarane blir slopne fri omgåande.
bebuarar som står og heng.
leidningar som heng og sleng.
portretta som heng i stortingsbygningen.
dei heng i stroppen.
*metalmythosen heng over oss alltid.
molekyl kan henge saman.
ei lunte som hang ut av ein Statoil-kopp.
Unge menn heng ut gjennom bussvindauge.
Ei semje om konkurransereglar og handheving av ein avtale er også spørsmål som har hange igjen heilt til slutt.
Men det var på hengande håret.
hengande lamper over arbeidsbenken.
å hengje bilete i grupper.
I staden hengjer dei opp nye plakatar.
fiskeriministeren hengjer oss ut som fiskefuskarar.
Sugawara hengde seg på nordmannen.
I innleiingsforedraget sitt la aktor Kleppe vekt på at juryen ikkje måtte hengje seg opp i tvil rundt enkeltdetaljar.
det amerikanske utanriksdepartementet hevdar at 50 fangar blir hengde i fengselet kvar dag.
Døtrene hans er hengde ut på sosiale medium.
Bilen har hamna ganske langt frå vegbanen, i ei skråning, og har hengt seg fast i eit tre.
Greina knakk med ein våt, ròten lyd.
Eg sat bra i feltet, men det knakk godt i starten av bakken.
Det knakk som ei fyrstikk.
båten knakk i to.
Eg høyrde det knekke i beinet.
bryte saman.
knekke sund.
knekkje foten.
Sykkelen vart knekt i den velten.
båten er knekt i to.
Eg var heilt knekt.
klør som kan knekkje armane på ein vaksen mann.
Han fekk knekt armar og bein.
Eg har gått inn for å knekkje han på kvar einaste hardøkt.
Det knekkjer oss i alle fall ikkje.
No trur han at koden er knekt.
ikkje la seg knekkje av eit skuffande ski-NM.
den vanskelegaste nøtta å knekkje.
Fleire stader er det knekte master.
sminka renn.
tårene rann.
det renn også innover.
feittet renn av ribba.
det rann over for han.
innhaldet hadde runne ut.
Vatnet er reint inn på Dreggekaien.
milliardane renn inn.
vatnet rann inn i bilen.
cruiseskipet rende inn i eit skjer.
skipet rente inn i fjæresteinane.
vatnet rann inn i kjellaren.
det skvetta olje over alt.
Demokratiforkjemparar skvettar raudmåling i gatene i Myanmars største by Yangon.
han skvatt eit par plassar opp.
Spotprisen skvatt opp til det høgaste nivået sidan 2016.
det gjekk så søla skvatt.
bankar … så kaffien skvett.
prisar som skvett opp og ned.
idrettsutøvarar skvett til sida.
vi skvett av ukjende lydar.
dei skvett inne i Spøkelseshuset.
dei skvettar bensin på bålet.
Kanskje spring Roisin Wheeler og Dominik Mohila enno forelska rundt og skvettar vatn på kvarandre.
det vart skvetta vatn på steinane.
det med at mannfolk skvettar på golvet.
onanistar, som skvettar i busk og kratt.
kvifor gå og slenge heime?
eg berre gjekk og slong.
Unngå at lause gjenstandar ligg og sleng i baksetet.
golvlampa stod og slong.
Eg har slunge innom og vore lengst i nokre enkelthopp.
sjefen sjølv sleng seg med på 20-årsfeiringa.
Eg vil ikkje ha ein nakke som sleng hit og dit.
instrumentet sleng litt når vi går.
Knudsen klarte å slengje seg framfor.
Han slengde meg rundt.
Han slengde rundt seg med det såkalla n-ordet.
utstyr kan slenge rundt.
køyredressen slong rundt låra.
høg terskel for å slengje frå seg skoa.
Han slengde frå seg sparken.
Han slengde hatten frå seg.
folk som slengjer med leppa.
Olsen slengde med leppa.
Tenk deg ei pannekake som du slengjer på bakken.
fire døde kalvar som låg slengde i ein haug.
Han var slengd ut av stolen sin.
du blir slengd veggimellom.
Bileta viser fleire barn som vart slengde rundt i vegbanen.
det svei i sjela.
det svei på lommeboka.
ein karakteristikk som svei.
Bloomberg svidde av 1,6 milliardar.
Og han svei, sa faren.
24 redningar totalt og 15 etter pause - svidde seg inn i minnet til jugoslavane.
Svoren hadde svidd seg, men ribba var like fin.
mot Chelsea svei han alt av sjansar både på borte- og heimebane.
når det smell.
Son smelte ballen utakbart i nettet.
Dronen small i bakken.
køyretøyet small inn i rekkverket.
eg smelte til dei siste 200 meterane.
Han smelte til og trefte innsida av stolpen.
Han fekk ballen på 25 meter og smelte ballen i krysset.
Rett etterpå small ballen i stolpen.
Då døra vart smelt igjen, hang bandet fast.
Tannlegeassistentane jobba med å kna og smelte kvikksølvet.
I fjor sprakk kostnadene med 300 millionar kroner.
Derfor vart han også kalla ein «doldis» då svenske medium sprekte nyheita.
Det skal mykje til før eg sprettar ein tiar.
Vi sprettet ei flaske.
ballen spratt opp i handa hans.
Ballen sprett ofte litt høgare her.
Neuhaus hogg til då ballen spratt til han frå Joakim Mæhle.
Eg sprettar opp ved den minste lyd.
På dei rundballane vi har spretta opp var det litt lite lim.
magen hennar vart spretta opp framfor andre landsbybuarar.
Dei er sprotne opp, så ein får gå ut i frå at dei er lagde ned i ei valurne.
Etter ein nedgang tysdag spratt Norwegian-aksjen tilbake då Oslo Børs opna onsdag morgon.
Ho smett inn på ein tiandeplass.
Amy Adams smett inn i hovudrolla.
I ein krevjande og fysisk tung løype søndag på mellomdistansen, var det berre veteranen Hausken Nordberg som smetta seg inn blant dei ti beste.
Fourcade smatt forbi.
Nordlending smatt unna døden for fjerde gong.
det skrall i berget.
han skrelte til.
ho skrelte igjen døra.
